Beskytt bustaden mot brann i ferietida

Med enkle grep kan du redusere risikoen for brann som følgje av feil i det elektriske anlegget mens du er vekke på ferie, seier Arvid Holme i Etrygg.

Fellesferien er rett rundt hjørnet, og mange hus står tomme i ferievekene. Dette i seg sjølv kan vere ein risiko dersom ein ikkje har teke dei rette forholdsreglane før avreise. Samtidig er juli også månaden med flest lynnedslag her til lands.

Samla utgjer dette ein risiko som fører til at mange årleg får seg ei trist overrasking i ferietida.

– Det elektriske anlegget er årsaka til over 20 prosent av norske bustadbrannar, men det er mange forholdsreglar ein kan ta for å redusere risikoen betydeleg, seier Arvid Holme, dagleg leiar i Etrygg.

I samband med ulike typar kontroll- og tilsynsarbeid kjem Holme ofte over tilfelle der mangel på aktsemd eller kunnskap fører til ein unødvendig høg risiko for brann som følgje av elektriske årsaker.

– Norske heimar blir stadig meir fylt opp av elektriske apparat, og mange bur i bustader med eldre elektriske anlegg. Då er det spesielt viktig å vere medviten den risikoen dette kan utgjere for heimen, og bruke den ekstra halvtimen det tek å gjere enkle grep for auka eltryggleik før du reiser vekk på ferie, seier Holme.

 

Råd om eltryggleik før ferieturen:

• Slå av omnar og varmekablar, eller set termostaten på 5-10 grader

• Sjekk at komfyren, strykejern og andre apparat med varmeelement er slått av

• Slå av utelys eller andre unødige lys

• Slå av vifter

• Trekk ut støpsel til fjernsyn, kaffetrakter, vaskemaskin, tørketrommel eller andre følsomme apparat

• Trekk også ut nettverks- og antenneledningar

• Kople frå og kveil opp skøyteledningar som ikkje er i bruk

 

Les også: Ekstra tryggleik med overspemnningsvern