Alle brannar skal i utgangspunktet etterforskes av politiet, også der kor det ikkje foreligger mistanke om straffbare handling.

Etter anmodning fra politiet skal Det lokale eltilsyn (DLE) bistå i etterforskninga. DLE bestemme om dei skal nytte seg av sakkyndig selskap med spesialkompetanse eller bruke eige personell med slik kompetanse ved bistand til politiet.

I Sogn og Fjordane har vi eiga branngruppe med spesialkompetanse som brannutredere.
Etrygg sine to brannutredere inngår i denne branngruppa.
I gruppas arbeid har vi som mål å finne årsaka til brannen og om dette skyldast brot på gjeldande regelverk.

Det er avgjerande med god kompetanse og erfaring for å lykkast med dette.
Vår oppgåve i etterforskninga er i hovudsak:

*Innhente informasjon om tidligare tilsyn og tilsynsrapportar knytta til elanlegget i brannobjektet
og eventuelle feil på strømnettet i det aktuelle tidsrommet.
*Åstedsundersøking på branntomta med eventuell teknisk undersøking.
*Undersøking av materiell og utstyr (beslag), anten på staden eller ved nærmare analyse i vårt laboratorium.
*Utarbeide ein sakkyndig rapport til politiet.
*Eventuelt å møte i rettsaker som sakkyndige.

Det stillast konkrete krav til både formell, teoretisk og praktisk kompetanse for personell som sjølvstendigt hjelpe politiet ved brannutredning. Det er kun brannutredere som er knytta opp mot brannutredningsgruppa som kan hjelpe politi i en brannetterforskning.

Eit mandat gitt gjennom anmodning frå politiet kan sjå slik ut:

Mandat:
Det elektriske anlegget bes undersøkt med henblikk på feil, manglar og eventuell feil bruk av elektrisk materiell. Det bes føretatt ein vurdering av spor på det elektriske anlegget og materiell som kan være ein primærårsak til brannen, eller sekundære spor som kan bidra til å lokalisere brannens arnestad. Politiet ber om ein skriftleg rapport frå Etrygg i etterkant av undersøkinga.