Ekstra tryggleik med overspenningsvern

Har du overspenningsvern? Etrygg vil sterkt tilrå alle husstandar og elles andre huseigarar å få installert eit overspenningsvern på det elektriske anlegget.

Det kan monterast eit grovvern i sikringsskapet og eit finvern direkte i stikkontakta.

Eit overspenningsvern er ein tryggleiksinnretning som vil bidra til å redusere faren for at elektrisk utstyr skal bli øydelagt eller starte brannar ved tordenvêr og lynnedslag, eller som følgje av feil i det elektriske anlegget.

– Undersøkingar syner at meir enn halvparten av nordmenn ikkje veit om overspenningsvern er installert i heimen deira. Om ein ikkje har overspenningsvern bør ein vurdere å få dette installert. Det vil koste nokre tusenlappar, men det gjev ein ekstra tryggleik, seier Arvid Holme i Etrygg.

Les også: Beskytt bustaden din mot brann i ferietida