sikringsskap

El-sikkerheit

Den årlege statistikken frå DSB www.dsb.no syner kva som svikter når elektrisitet blir årsaka til brann og ulykker.

Ut frå statistikken veit vi at det skjer mange tragiske brannar og at uforsiktig omgang med elektrisk utstyr er ei av dei største årsakene til brann i Noreg.

Derfor ber vi om at du har fokus på at apparat som t.d. komfyr, kaffitraktar, strykjejarn blir slått av etter bruk.
Eller at du tar ut støpselet  på apparat der dette lar seg gjere før du forlet bustaden.
Hugs alltid å slå av kokeplatene på komfyren før du forlet den eller aller helst:
MONTER KOMFYRVAKT og TIDSUR for kaffitraktaren om denne ikkje har dette innbygdt.

Dette er ei god og lur investering om du skulle gløyme å ta deg tid til ei ekstra runde og sjekke slikt før du forlet bustaden!
Det å gløyme er det ikkje dato stempling på… Det gjer vi enten vi er gamle eller unge..

For pårørande til eldre og tjenesteytande tjenester som heimesjukepleien  i kommunane vil vi anbefalle å ta
«Kjøkkenpraten»

Vi minner om at ved bruk av elektrisk utstyr ute, skal skøyteleidning vere jorda og kopla til jorda stikkontakt. Ver merksam på dette når du t.d. skal ha julebelysning ute.
Om du ikkje har installert straumstyrt jordfeilvern (jordfeilbryter/automat) for alle delar av installasjonen vil vi tilrå å få slikt montert.
Slikt vern vil vere med å heve kvaliteten og sikkerheitsnivået i installasjonen med tanke på brann og berøringsfare ved jordfeil.

Sjekk også at alle røykvarslarane dine fungerar med faste mellomrom samt støpselet/stikkontakt for VVB om denne ikkje er fast tilkopla..

Vi arbeider med

  • Hushaldningar
  • Bedrifter/Off.
  • Installatørar
  • Skuleelevar
  • Organisasjonar

RSS Nytt frå Elsikkerhetsportalen