Komfyrvakt kan redde liv

I perioden 1998 til 2007 omkom 51 personar i totalt 1240 registrerte komfyrbrannar. Det er mykje som tyder på at fleire av desse kunne vore unngått dersom komfyrvakter hadde vore installert. Men kvaliteten på produkta varierer.

Det er Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB) som skriv dette på nettsida si.

Sjølv om ei komfyrvakt truleg kan redde liv er det viktig at ein ikkje let komfyrvakta bli ei kvilepute, heiter det. Vanleg aktsemd gjeld altså både med og utan komfyrvakt.

– No har Sintef testa sju ulike komfyrvakter frå eit utval produsentar. Resultata er ifølgje DSB varierande, og det ser ut til at hovudutfordringa er å skilje normal bruk av komfyrar og potensielt farlege situasjonar, seier dagleg leiar i Etrygg, Arvid Holme.

Testen, som utført av Sintef NBL, viser at nokre av produkta løyser ut unødig mange alarmar. Dette er noko ein håpar vidare produktutvikling og standardisering kan betre på.

DSB har deltek no i internasjonale samtalar kring standardisering av komfyrvakter. Dette vil vonleg gjere forskjellane mellom dei ulike typane mindre.

– På nye bustader vart det med verknad frå 1. januar i år innført krav om fast installerte komfyrvakter. Men vi håpar at folk ser verdien av å installere komfyrvakt også i eldre husstandar, seier Holme.

Les saka hos DSB