Råd om flyttbare radiatorovnar

Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB) har dei siste åra jamleg fått informasjon om uønska hendingar som involverer bruk av oljefylte radiatoromnar. Vi ønskjer med denne informasjonen å medverke til å skjerpe merksemda kring bruken av desse omnane.

Fordelane med ein flyttbar radiatoromn er at dei ikkje krev nokon installasjon, dei har ein beskjeden overflatetemperatur, og dei er relativt rimelege i innkjøp.

Brukarane bør likevel vere merksame på dette:

  • Ein flyttbar radiatoromn er i utgangspunktet meint å vere ei supplerande varmekjelde for ei avgrensa periode, høvesvis til bruk ved opphald i stova
  • Flyttbare omnar er ikkje tenkt til permanent oppvarming og bør berre brukast under tilsyn
  • Ver nøye med plasseringa – ikkje for nær brennbart materiale eller med fare for tildekking
  • Vis ekstra merksemd på plassering der barn eller dyr oppheld seg (fare for velt eller at den vert trekt etter leidningen)
  • Montering av hjul opp/ned kan føre til overoppheting
  • Like viktig som å sikre at produktet ikkje vert utsett for skade ved normal bruk, er det å sørge for at produktet heller ikkje vert utsett for skade ved lagring og transport.
  • Når eit produkt vert teke i bruk etter lagring; sjekk at det ikkje er skade på nettkabel, at produktet er heilt og uskada, og at termostat og brytarar fungerer normalt når det vert dreia eller trykt på knappane nokre gonger.

DSB gir følgjande råd om kjøp og bruk av flyttbare oljeomnar:

  • Ved kjøp – be forretninga dokumentere at omnen er produsert etter gjeldande EU-krav som også gjeld i Norge
  • Følg monteringsanvisninga og tryggleiksinformasjonen frå fabrikken
  • Flyttbare varmekjelder bør berre brukast som tilleggsoppvarming i rom
  • Bruk bør berre skje under tilsyn når folk er til stades. Omnane bør slåast av om natta
  • Omnane må ikkje plasserast i nærleiken av brennbart materiale
  • Ver ekstra merksam på plasseringa i rom der barn og dyr oppheld seg
  • Ikkje dra omnen etter leidningen
  • Ikkje utset omnen for fukt eller korrosjon under lagring
  • Pass på at omnen ikkje veltar ved lagring og bruk, eller vert skada under flytting
  • Ikkje set straum på ein flyttbar oljeomn der oljen har leke ut
  • Omnane bør bytast ut etter fem års bruk
  • Omnane kan leverast inn hos ein elektroforhandlar eller på eit avfallsanlegg