Tilsett og bil med Etrygg-logo

Om Etrygg

Vi er eit selskap med fokus på rett og trygg bruk av elektrisitet.

Selskapet skal primært ta seg av dei lovpålagde krava som nettselskapa i SFE og Sunnfjord Energi er pålagde gjennom sine områdekonsesjonar.

Krava er nedfelt i konsesjonsvilkåra og er gjort synlege gjennom Det Lokale Eltilsyn (DLE) ved kvart nettselskap.
Årlege rammebrev/innstruksar for dette arbeidet blir gjeve av Direktoratet for samfunnsikkerhet og beredskap (DSB).

Dette dannar grunnlag for kvart nettselskap sin tilsynsplan som blir utarbeidd av DLE ved kvart av nettselskapa.

Etrygg AS skal fysisk utføre dei arbeidsoppgåvene som er nedfelt i tilsynsplanen. Det skal danne grunnlag for ein nøytral utøvande tilsynspart på tvers av grensene mellom nettselskapa.

Samstundes skal vi medverke til eit større kompetansemiljø som gjev betre tenester for nettselskapa sine nettkundar, elentreprenørar, konsulentar og omsettningsledd for elektrisk utstyr.

I tillegg til dette ønskjer vi å vere synlege i ditt nærmiljø, slik at du som brukar av elektrisitet skal vite om oss, og kunne bruke Etrygg aktivt for å bli ein trygg og effektiv energibrukar.

Aurland Energiverk, Lærdal Energiverk, Luster Energiverk og Hemsedal Energi har i dag (2019) avtale med Etrygg AS
Avtalen varierar i omfang, men vi vi utfører tilsynsarbeid som er nedfelt i deira tilsynsplaner som er basert på årlege instruksar gitt av DSB
Tilsynet gjeld for bustad, fritidshus/hytter, næringsbygg, industri og landbruk.
Dette innbefatter også revisjon av lovpålagt internkontroll for drift og vedlikehold av dei elektriske anlegga som virksomheter/organisasjoner er pålagt å ha. Jf. Internkontrollforskriften.
Etter anmodning bistår vi også politiet ved etterforskning av branner innan for kvart nettselskap sitt distribusjonsområde.
Etrygg har to godkjente brannutredere.

Vi gjev informasjon om sikker bruk av elektrisitet og elektrisk utstyr i skuleverket (6 og 9 klasse) etter oppdrag frå kvart einskilt DLE
Og vi held informasjonsmøte om dette med personell i heimesjukepleien.
Om andre lag og organisasjoner ønsker slik informasjon kan dei ta kontakt med dagleg leiar Arvid Holme på. 918 60 406
eller ved hjelp av vårt kontakt skjema. Kontakt

Vi arbeider med

  • Hushaldningar
  • Bedrifter/Off.
  • Installatørar
  • Skuleelevar
  • Organisasjonar

Dagleg leiing

Dagleg leiar i Etrygg, Arvid Holme.Arvid Holme
Dagleg leiar Florø/Førde

918 60 406

arvid.holme@etrygg.no

Eigarar

  • SFE AS (45%)
  • Sunnfjord Energi AS (45 %)
  • BKK AS (10 %)