Skifte av tilførsel til OSO Super VVB

Etter OSO sine annonsar i det siste ser vi trongen av å informere om skifte av tilførsel til OSO Super VVB.

Jfr. produktstandarden er det ikkje lov å ha apparatinntak som tilførsel til ein VVB. Likevel blei det over ein kortare
periode plassert i marknaden VVB med apparatkontakt. Undervegs i produksjonen har ein underleverandør, utan
å informere, bytt materiale i apparatkontakten. Dette har medført varmgang i inntaket, noko som har ført til fleire
hendingar.

OSO er ikkje nøgde med dette. Dei har lagt ned mykje arbeid i å finne årsaka til problemet, produksjonstidsrom
og for å komme med ei pragmatisk løysing på problemet. Problemet har vore størst på 3 kW utgåva, men også
nokre hendingar på 2 kW utgåva av produktet. Dei har også konferert med Elsikkerhetsavdelinga i DSB. Produkt
med den originale apparatkontakten har ikkje gjeve grunn til bekymring.

Løysing

Løysinga ein har valt er at OSO går ut i media, informerer om tiltaket og kva for produkt dette gjeld. Dei som gjev
tilbakemelding om at dei har slike, får tilsendt eit prefabrikert leidningssett og strekkavlastar. Samstundes får dei
som ikkje er komfortable med å gjere denne utbytinga sjølv, ei henvisning til kvalifiserte personar som kjem og gjer
jobben for dei. OSO har delt landet inn i regionar, der dei har gjort eigne avtalar med personar/kjeder for desse
oppdraga.

DSB har sett som krav at dei personane/kjedene det vert henvist til skal ha kvalifikasjonar etter FKE.
Med tanke på at det er tillete å byte pluggar og brytarar på apparat eller kople til belysning opphengt i krok heilt
utan instruksjonar, har DSB vurdert det slik at byting av den aktuelle tilførselen fell inn under § 13, mindre arbeid i
eigen bustad. Særleg med tanke på informasjonen som er gjeven om korleis det skal gjerast.

Dette arbeidet påverkar ikkje ansvarstilhøvet med tanke på CE merking og samsvarserklæring i og med at det er
produsenten som initierer arbeidet.

Byting av tilførselen vert heller ikkje påverka av krava for fast tilkopling av VVB i NEK 400.
Sjå OSO sin eigen video for utskifting:

OSO-produkta dette gjeld er: