Vising av brosjyre

Bedrift

Tilsyn med verksemder skal i samsvar med  Internkontrollforskrifta kunne dokumentere arbeidet sitt innan helse, miljø og sikkerheit.

Direktoratet for Samfunnsikkerheit og Beredskap (DSB) pålegg Det Lokale Elektrisitetstilsyn (DLE), som er det offentlige tilsynet for elsikkerheit i Norge, å utøve tilsyn med dette.

På oppdrag frå DLE utøver Etrygg dette tilsynet.

Formålet med revisjonen er å kontrollere om verksemda etterlever internkontrollforskrifta, og om den har tilfredsstillande styring med aktivitetar og utstyr som har betydning for helse-, miljø- og sikkerheit (HMS).

Revisjonen blir utført ved

  • gjennomgang av dokument
  • intervju av personar og
  • verifisjon av at rutinar, prosedyrar og instruksar blir følgt opp i praksis.