Møte med privatkunde

Privat

Vår bustadkontroll tek utgangspunkt i det rammebrevet som Det Lokale Eltilsyn (DLE) får kvart år frå DSB (Direktoratet for sivil beredskap).

Dette rammebrevet er basert på erfaring og statistikk med omsyn til satsingsområde for å skape større eltryggleik.

Kontrollen av det elektriske anlegget i bustaden skjer ved stikkprøver med utgangspunkt i desse rammene, og den er ikkje ein fullstendig gjennomgang av den tekniske tilstanden i anlegget.

Som eigar og brukar av eit elektrisk anlegg/utstyr er ein ansvarleg for at anlegget er i godkjent/forskriftsmessig stand. Samstundes er ein også ansvarleg for rett bruk av det og at endringar/nyinstallasjon blir utført av godkjent                                 El-installatør/fagfolk. Oversikt over godkjente El-installatørar finn du på: Elvirksomhetsregisteret

Informasjonen om elsikkerhet som vi gjev ved kontrollen skal gje dykk nyttig informasjon om rett og god bruk av det elektriske anlegget/utstyret. Det er derfor  ynskjeleg at minst ein frå husstanden er tilstades for å kunne formidle denne vidare til alle i husstanden. Fleire frå husstanden må gjerne vere med.

Etrygg bistår også politiet med sin kompetanse ved brannetterforsking etter brann i bustader
når politiet anmoder om det.
Vår nettside er underlagt vår  personvernerklæring